Hva som skjer innen universell utforming i Norge
Korleis utforme e-læring for menneske med kognitive utfordringar |
Selskapet Karde har i ei årrekkje arbeidd med opplæring og e-læring for menneske med utviklingshemming eller demens og deira hjelparar. Kursa dekker eit stort spekter av ulike område i dagleglivet. No har Karde utvikla ein designrettleiar for kognitivt tilrettelagt e-læring slik at andre kan dra nytte av Karde sine erfaring gjennom mange år når dei skal utforme eigne e-læringskurs. |
Nominer til Brukeropplevelsesprisen! |
Brukeropplevelsesprisen (BOP) hedrer utviklere, designere og virksomheter som har utviklet digitale løsninger som oppfyller prinsippene for universell utforming, god design og gode brukeropplevelser. Nå er det tid for å nominere prosjekter!
På Bufdirs nettsider finnes informasjon om hvem som kan delta og kriteriene for deltakelse. Du kan både sende inn egne prosjekter og nominere andres prosjekter som du mener fortjener prisen. Prisen deles ut på Yggdrasilkonferansen i Sandefjord i månedsskiftet mars-april 2025.
Frist for å sende inn prosjekter for vurdering er 24. januar 2025. |
|
|
No kan du klage på dårleg TV-teksting |
| |
|
På nettsida Teksting.no kan tv-sjåarar no melde frå om kvaliteten på tekstinga i program. – Dårleg teksting verkar ekskluderande, seier leiaren i Norsk audiovisuell oversetterforening (NAViO), Morten Gottschalk i ei pressemelding. Det er NAViO som står bak nettsida, og med jamne mellomrom legg foreininga fram statistikk over mottekne tilbakemeldingar. Dårleg omsetting forstyrrar sjåaropplevinga for alle sjåarar, men høyrslehemma blir særleg hardt råka av dårleg teksting. Maskinomsetting i staden for manuell teksting, har noko av skulda for dette, meiner foreininga, som etterlyser kvalitetskrav til teksting, ikkje berre krav om teksting. Finland har allereie innført slike kvalitetskrav, heiter det i meldinga som du finn på NTBs nettsider.
|
|
|
Norwegian måtte rette app som ikkje var universelt utforma |
| |
|
Ei blind kvinne som skulle fly med Norwegian hadde problem med å bruke selskapet sin reiseapp med skjermlesar som ho som synshemma, er avhengig av. Ho klaga difor appen og selskapet inn til Diskrimineringsnemnda for brot på reglane om universell utforming. Flytidene vart lesne på engelsk sjølv om teksten var norsk, og det var heller ikkje mogeleg å navigere til «Mine reiser» i appen. Diskrimineringsnemnda vurderte saka og kom fram til at appen var diskriminerande og ikkje i tråd med regelverket. Norwegian vedgjekk at appen ikkje fungerte slik den skulle med skjermlesar, og i løpet av saksførebuinga gjekk Norwegian gjennom appen og retta opp feila som kvinna hadde klaga på. Norwegian arbeider òg med ei ny løysing for å erstatte den gamle appen. Den nye løysinga skal innfri alle krav i regelverket, inkludert feil som vart oppdaga i løpet av saksførebuinga.
|
|
|
Samferdsels-ministeren svarte Stortinget på spørsmål om Kolbotn stasjon |
| |
|
Like før jul fekk samferdselsminister Jon-Ivar Nygård spørsmål frå Anne Kristine Linnestad i Høgre om han hadde forsikra seg om at nye Kolbotn stasjon tilfredsstiller krava til universell utforming når den står klar i desember 2026. Nygård kunne bekrefte at han hadde forsikra seg om dette. Då den nye stasjonen blir ombygd i samband med innføring av nye lokaltog, og ettersom omfanget av tiltaka er omfattande, blir det krav om universell utforming, svarte han og viste til at krava er konkretisert i reguleringsplanen for ombygging av stasjonen og er i tråd med gjeldande regelverk og Bane NOR si stasjonshandbok.
|
|
|
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|