Hva som skjer innen universell utforming i Norge
Fire prosent av befolkninga opplever manglende universell utforming |
Transport er den største hindringa. Dernest kjem tilgang til hav og strand. Fleire unge enn eldre opplever barrierar utan at forskarane kan peike på ein klar årsak til dette. Folk med dårleg helse opplever oftare barrierar. Dette kjem fram av ein rapport frå Proba Samfunnsanalyse. |
|
|
Fekk ikkje knytte skjenkeløyve til universell utforming |
| |
|
Våren 2024 vedtok Kongsvinger kommunestyre mellom anna at for å få skjenkeløyve i kommunen, måtte lokala vere universelt utforma og dei tilsette skulle ha tariffløn. Ikkje heile kommunestyret var samde i dette, og mindretalet kravde ein såkalla lovlegheitskontroll av vedtaket. Statsforvaltaren i Innlandet konkluderte like før jul med at opposisjonen i Kongsvinger har rett med innvendingane til vedtaket.
– Alkohollovgjevinga har ingen føresegner om lønn/arbeidsvilkår eller byggteknisk utforming av skjenkelokalet med tanke på universell utforming. Alkoholpolitiske retningsliner kan gje uttrykk for korleis dei ønskjer at bedriftene skal leggje til rette, men kommunen kan ikkje stille vilkår om lønns-/arbeidsvilkår eller universell utforming når dei skal ta stilling til ein søknad om skjenkeløyve, heiter det i konklusjonen frå Statsforvaltaren i Innlandet i følgje eit oppslag i avisa Glåmdalen
|
|
|
Bli med på samling om universell utforming i kollektivtransport! |
| |
|
13. mars arrangerer Bufdir gjennom Nettverk for universell utforming i kollektivtransport ei samling på Thon Hotell Opera i Oslo frå klokka 10-16. Entur kjem og fortel om «Prosjekt reisevenn» og nye billettautomatar. Andre tema er tilrettelagte toalettfasilitetar på reise, demensvennlege transportsystem og universell utforming. Samlinga er ope for alle interesserte, og det er gratis å delta. Samlinga vil bli streama, så om du ikkje kan ta turen til Hotell Opera, kan du følge med på nettsendinga. Arrangementet blir skrivetolka. Ved digital deltaking må du melde deg på samlinga og registrere at du ønsker å delta digitalt. Du vil då få tilsendt ei streaminglenke før samlinga. Påmeldingsfrist er 28. februar.
|
|
|
Lite om universell utforming i utdanning
|
| |
|
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomført ei kartlegging av universell utforming som fagleg omgrep i studieprogram og emne innan fire studieretningar: Byggfag, designfag, IKT-fag og planfag. Kartlegginga hadde som mål å finne ut om og i kva grad studentar lærer noko om universell utforming i høgare utdanning innan dei fire fagområda. Konklusjonen er at dei som skal forme framtidas samfunn kan for lite om universell utforming. I 157 ulike studieprogram som vart undersøkt, hadde berre 37 prosent universell utforming som en del av læringsmåla. Halvparten av studentane blir aldri testa i temaet. Heile undersøkinga finn du på HK-dir sine nettsider.
|
|
|
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|