Hva som skjer innen universell utforming i Norge
Inkluderende punkter gjennom to århundrer |
I 2025 er det 200 år siden franskmannen Louise Braille fant opp et unikt system for å skrive bokstaver for blinde. Ulike tall og bokstaver ble oversatt til opphøyde punkter. Systemet er fortsatt i bruk og har betydd mye for selvstendighet og tilgang til informasjon for synshemmede. Fremdeles er punktskrift i aktiv bruk selv om dagens taleteknologi kan gjøre mye ved både innlesing og opplesing. |
|
|
Nominer norske prosjekt til internasjonal pris! |
| |
|
Organisasjonen Zero Project arbeider for ei verd utan funksjonshemmande barrierar. Årleg deler organisasjonen ut prisar til prosjekt og løysingar etter ei grundig fagfellevurdering og avstemming. No er det tid for å nominere! Temaet for 2026 er tilgjengelegheit, IKT og kriserespons. Over 10.000 ekspertar globalt deltar i nettverket som er med på evalueringane. Vinnarane blir inviterte til prisutdeling i Wien i mars 2026. Utdelinga går føre seg i FN-bygningen og samlar fagfolk frå heile verda til ein stor konferanse. Frist for å nominere for 2026 er 22. juni 2025. All inf
På nettsidene er det òg mogelegheit å melde seg på eit digitalt informasjonsmøte om nominasjonsprosessen som blir halde 12. juni.
Supervisuell AS som produserer tilgjengelege filmar for døvemiljøet og Milla Says som lagar teiknstøtte for personar med språk- og taleproblem, er tidlegare norske vinnerar. |
|
|
Ny rettleier for universell utforming frå Riksantikvaren |
| |
|
Riksantikvaren publiserte nyleg ein ny rettleiar for universell utforming av kulturminne.
– Universell utforming er bra for alle, slår assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll fast i ei pressemelding i samband med lanseringa av den nye rettleiaren.
– Kulturarven skal kunne opplevast av alle, og difor har vi laga ein ny rettleiar som skal gjere det enklare å tilpasse verna bygningar og anlegg, sa han. Det er saman med rettleiaren laga ei samling av gode døme til inspirasjon, som viser korleis ein kan få til universell utforming på freda eller verna bygningar. I freda anlegg er det ikkje alltid mogleg å tilfredsstille alle krava til universell utforming etter plan- og bygningslova og teknisk forskrift. Ei løysing som blir opplevd som god éin stad, kan gje uheldige konsekvensar ein annan stad, heiter det i meldinga. Prosessrettleiaren tar for seg prosessen knytt til tiltak i freda og verneverdige bygningar og anlegg. Universell utforming av arkeologiske kulturminne, kyrkjer og kyrkjegardar er ikkje ein del av rettleiaren.
|
|
|
Inntil 100 millionar ekstra til Den Nationale Scene i Bergen |
| |
|
Bergens kjende teater er no stengd grunna eit stort rehabiliteringsprosjekt som mellom anna skal sikre betre tilgang for fleire. Teateret har røter tilbake heilt til Ole Bull si tid på 1850-talet. Han var initiativtakar til Det norske Theater, som seinare vart til Den Nationale Scene.
– Rehabiliteringa av Den Nationale Scene vil bli eit løft for scenekunstfeltet, ikkje berre i Bergen, men i heile landet, seier kultur- og likestillingsministeren i ei pressemelding.
Den Nationale Scene fekk tilsegn om 101 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett i 2017 til modernisering av det statlege teateret. Prosjektet har blitt utvida, og i 2021 fekk teateret til saman 608,4 millionar kroner til oppgraderinga. Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2025 ytterlegare inntil 100 millionar kroner slik at teateret kan møte nye krav til berekraft og universell utforming. |
|
|
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|