15 millionar delt på 34 prosjekt |
Årleg deler Regjeringa, gjennom Bufdir, ut tilskot til prosjekt for kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon innan universell utforming. Tildelinga for 2025 er no gjennomført. Dei 34 prosjekta som fekk tilskot, omhandla mellom mykje testing av nettsider, friluftsliv og reise. Fleire prosjekt prøver ut bruk av kunstig intelligens. |
|
|
Ubrukelege kø-automatar hjå politiet |
| |
|
Ein blind mann skulle få seg ID-kort og hadde tinga time på passkontoret i Bergen. Då han kom fram til lokalet, var det ingen til stades som kunne hjelpe. Han bad om hjelp ut i lokalet og ein annan som var på venterommet rettleidde han til ein berøringsskjerm der han fekk tasta inn telefonnummeret sitt, og han fekk ut ein kølapp med nummer som han måtte få lese opp av den andre. Det plinga stadig fram nye nummer og kva for luke som betente det aktuelle nummeret, men mannenutan syn måtte på nytt be om hjelp ut i venterommet. Dette tykte han var for ille og klaga løysinga inn til Diskrimineringsnemnda for mangelfull universell utforming. No har nemnda handsama saka og kome fram til at automatane bryt med kravet om universell utforming. Dei har gjeve Politidirektoratet pålegg om retting og meiner at å tilby ei universelt utforma løysing ikkje vil innebere ennuforholdsmessig stor byrde for Politidirektoratet.
|
|
|
Pris til inkluderande utstilling |
| |
|
Norsk folkemuseum på Bygdøy i Oslo fekk sølv i den internasjonale kåringa International Design Award for inkluderande kultur i 2024. Det er organisasjonen International Association for Universal Design (IAUD) som står bak prisen som er ei årleg hending. Folkemuseet fekk prisen for utstillinga TIDSROM 1600 – 1914 som viser norsk borgarskaps- og embetsmannskultur gjennom daglegliv og fest. Med over 1500 gjenstandar og seks autentiske interiør er utstillinga den største innandørs utstillinga i museet si historie.
Utstillinga har fått trinnfri inngang, både heis og trapp for likeverdig tilgang. Den har òg fått taktil merking, godefargekontrastar og bedra belysning slik at det skal vere lett å orientere seg. Om prosjektet uttala juryen at involvering av brukarar med nedsett funksjonsevne frå byrjinga, var ein nøkkelfaktor for suksess. Museumsappen, med digitalt utstillingsinnhald i form av tekst og lyd, gjer den historiske utstillinga til ei inkluderande, engasjerande og tilgjengelegoppleving for alle, både under og etter besøket, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
|
| |
Debatt om Nav sin nye direktørstilling for brukaroppleving |
| |
|
Velkommen til lanseringen av håndboken "Alle barn i alle rom"
|
| |
|
27.mars lanserer Norske arkitekters landsforbund håndboka «Alle barn i alle rom: Skoleanlegg som inkluderende arkitektur – et pilotprosjekt i tre kommuner». Prosjektet er finansiert av Bufdir og Sparebankstiftelsen. I denne lanseringen presenterer NAL pilotprosjekter fra skoleanlegg i tre kommuner – Larvik, Nesodden og Gran. Kommunene har gjennomført tre unike prosjekter om universell utforming av skolebygg, og hvordan universelt utformede skoleanlegg i større grad kan bli brukt utover skoletida. Samlingen er åpen for alle interesserte, og det er gratis å delta. Lanseringen holdes på Sentralen i Øvre Slottsgate 3 i Oslo, men det er også mulig å følge med på en nettsending av arrangementet. Påmeldingsfrist er 25.mars.
|
| |
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|