Hva som skjer innen universell utforming i Norge
Auka krav til universell utforming av medietenester |
Som følgje av innføring av EU-direktivet for audiovisuelle tenester, har Kultur- og likestillingsdepartementet fastsett fleire endringar i kringkastingsforskriften. Dei har mellom anna skjerpa krav til universell utforming av TV-program og strøymetenester. |
|
|
Fekk ikkje medhald i Diskriminerings-nemnda |
| |
|
Stiftinga Stopp Diskrimineringen meinte at Flytoget sin bruk av CAPTCHA på nettsidene var i strid med regelverket for universell utforming av IKT og klaga Flytoget inn til Diskrimineringsnemnda. CAPTCHA er ein metode for å skilje menneskjer frå spam-robotar ved innsending av skjemainformasjon på nettsider. Nemndleiar handsama saka ut frå regelen om at saker av bagatellmessig art kan leggast vekk av nemndleiar. Nemndleiars vurdering var at forskrifta stiller to konkrete ytingskrav ved bruk av CAPTCHA. For det første må løysinga ha eit tekstalternativ som beskriv formålet. For det andre må det vere minst to ulike former for CAPTCHA. Flytoget sin CAPTCHA-løysing vart testa og konklusjonen var at løysinga var i tråd med regelverket. Saka vart difor lagt vekk. Vedtaket i saka som PDF-fil.
|
|
|
Tilskot til prosjekt for nærturar for alle |
| |
|
Gjensidigestiftinga lanserte i fjor ei storstilt satsing kalla Naturglede. Satsinga har ei totalramme på 200 millionar kroner over tre år. Målet er auka og berekraftig bruk av naturen for aktivitet, meistring, fellesskap og naturopplevingar. Eitt av dei tre delprogramma er via tilrettelegging av nærområde for personar med redusert funksjonsevne. Programmet «Trygg og god tilgang til natur» lyser ut midlar i mai og 29. april kl. 14.00-15.30 kan du delta i et digitalt informasjonsmøte om tilskotsordninga. Friluftsrådenes Landsforbund leier arbeidet og samarbeider med ulike aktørar for å sikre gjennomføring av prosjekta.
|
|
|
Ny rapport om studentar med nedsett funksjonsevne |
| |
|
HK-dir har på oppdrag av Kunnskapsdepartementet undersøkt barrierar i høgare utdanning for studentar med nedsett funksjonsevne. Rapporten som no er publisert byggjer på både ei kvantitativ undersøking av institusjonane sitt arbeid med funksjonsnedsetting, universell utforming og tilrettelegging, gjennomgang og analyse av relevante offentlege kjelder, eit innspelsmøte med tilretteleggjarar i tillegg til HK-dirs eigen samhandling og dialog med sektoren i rolla som fagleg rådgjevar på området. Barrierar knytt til strukturelle tilhøve, haldningar, kunnskap og informasjon vart identifisert. For å betre tilhøva, foreslår forfattarane bak rapporten tiltak både på nasjonalt og institusjonelt nivå.
|
|
|
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|