Hva som skjer innen universell utforming i Norge
Eldre kjenner seg tvinga til å delta digitalt |
Mange eldre har fått betre tilgang på teknologi, men så mange som ein femtedel opplev digital diskriminering. Det er nokre av funna i ein ny rapport frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO. |
|
|
KDD vil vurdere kommunanes sitt arbeid med tilgjengelegheit |
| |
|
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) kjem til å evaluere korleis stortingsvalet vart gjennomførd og skal mellom anna sjå på korleis kommunane arbeider med tilgjengelegheit. Dette går fram av eit oppslag på Handikapnytt som har bedt departementet kommentere at Norges Handikapforbund meiner at 250 vallokale ikkje var tilgjengelege i forkant av valet.
Avdelingsdirektør Siri Dolven svarer i ein e-post at departementet har inngått avtale med Ideas2Evidence om å gjennomføre ei ekstern evaluering av gjennomføringa av valet der mellom anna kommunane sitt arbeid med tilgjengelegheit er tema. Basert på denne evalueringa, og eventuelle klager og innspel frå brukarorganisasjonar, vil departementet vurdere om det er behov for endringar i regelverket, heiter det i svaret frå KDD. |
|
|
Skuleeigarar kontrollerer i liten grad universell utforming ved kjøp av digitale læremiddel |
| | |
Riksrevisjonen kontrollerer at statens pengar blir brukt på forsvarleg og effektivt vis og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. No har kontrollorganet undersøkt innkjøp av digitale læremiddel. Sidan 2018 har det vore krav om at digitale læremiddel skal vera universelt utforma.
Om lag 30 prosent av kommunane svarar i undersøkinga at dei i stor grad har undersøkt leverandørane sine eigenerklæringar og i tillegg gjort eigne vurderingar for å undersøke om læremidla oppfyller krav til universell utforming. Rundt 20 prosent har gjort slike vurderingar i nokon grad. Mellom seks og ni prosent har ikkje undersøkt om dei digitale læremidlane som blir brukt i deira skular, møter krava til universell utforming. Det same resultatet viser seg om lag likt for skuleeigarar av vidaregåande skular, det vil seie fylkeskommunar. Dei fleste svarar at dei i liten grad sjølve har vurdert eller testa om læremidla er universelt utforma.
Undersøkinga viser òg at mange skuleeigarar ønsker seg betre statleg støtte til å vurdere om læremidla oppfyller lovkrava. Kunnskapsdepartementet har bedt Utdanningsdirektoratet utvikle ein nasjonal tenestekatalog (læremiddelkatalog) og greie ut om støttetenester som kan gi betre oversikt over dei læremidlane som finst. Den første versjonen av læremiddelkatalogen blei lansert i mai 2025.
Riksrevisjonens undersøkelse av læremidler i grunnskoler og videregående skoler - Dokument 3:17 (2024−2025) PDF |
|
|
EU sin politikk innan universell utforming |
|
|
Dette er tema i Rudolph Brynns nyleg utgjevne bok «Likeverdig tilgang for alle – Universell utforming i EU». Bokas første del tar for seg den historiske utviklinga av EU sin sosial- og velferdspolitikk. Dernest ser Brynn nærare på utviklinga av EU sin politikk og lovgjeving på områda som gjeld personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg blir EUs tilnærming til universell utforming gått gjennom. Dei ulike elementa er omhandla tematisk. Dette omfattar menneskerettar, lovregulering på område som arbeidsmiljø, diskriminering, transport og informasjonsteknologi, i tillegg til bruk av standardar som verkemiddel. Forfattaren har mellom anna vore prosjektleiar i Standard Norge med universell utforming som fagområde og han har vore rådgivar i den europeiske paraplyorganisasjonen European Disability Forum.
|
| |
|
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|