Hva som skjer innen universell utforming i Norge
Interesseorganisasjonane skuffa over forslaget til statsbudsjett |
Både Norges Blindeforbund og Norges Handikapforbund er skuffa over regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Med forslaget spring regjeringa frå ei rekke av lovnadane knytt til eit meir likestilt og universelt utforma samfunn, meiner Tove Linnea Brandvik, leiar av Handikapforbundet. |
|
|
10. november siste frist for påmelding til årets store uu-hending! |
| |
|
Programmet for den store internasjonale konferansen som Noreg er vertskap for i Oslo 20.- 22. november, er klart og publisert. Det er framleis tid til å melde seg på! Om du ikkje har mogelegheit til å delta fysisk, kan du delta digitalt til sterkt redusert pris. Alle presentasjonar vil bli skrivetolka på engelsk som er konferansespråket. All informasjon om tilrettelegging og universell utforming av konferansen finn du på Accessibility Statement. Konferansen bli opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
|
|
|
14 ulike stader i Oslo klaga inn til Diskriminerings-nemnda |
| |
|
Det er Norges Blindeforbund som har sendt inn klage på ei rekke stader i hovudstaden. Det er kjende hotell, restaurantar, kafear og utestadar som nemnda no skal ta stilling til om dei diskriminerer, fortel Avisa Oslo. Det er betalingsautomatar som synshemma ikkje kan bruke utan å gje frå seg PIN-koden sin, som det er klaga på. Betalingsløysningane har berøringsskjerm som ikkje har taktil merking eller moglegheit for betjening ved hjelp av lyd, noko som gjer at blinde og svaksynte som ikkje ser skjermen vil ha problem med å taste inn både totalbeløp og PIN-kode på eiga hand.
|
|
|
Torghatten-prosjekt vann Landskaps-arkitekturprisen 2024 |
| |
|
Det kjende fjellet med hól utanfor Brønnøysund har mange lyst til å besøke. Den aukande tilstrøyminga av turistar har ført til slitasje på naturen og ein ønskte å legge til rette for at fleire kan besøke staden utan at naturen lid skade. Resultatet vart eit innkomstområde med eit servicebygg som tek høgd for auka besøk, ein tre kilometer lang tursti opp i fjellet og gjennom Torghatt-hòlet, utsiktspunkt og ein universelt utforma kyststi med sikteliner opp til det berømte fjellet skal leia besøkande trygt gjennom landskapet. Bak turistvegprosjektet står landskapsarkitektfirmaet Østengen & Bergo saman med Turistvegseksjonen i Statens vegvesen. Landskapsarkitekturprisen blir delt ut av Norske landskapsarkitekters forening. Om vinnaren trekk juryen fram at prosjektet viser ei djup forståing og god gjennomføring i eit prosjekt som lågmælt beskyttar naturen og gjer den tilgjengeleg for fleire.
|
|
|
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Postboks 2233, 3103 Tønsberg Besøksadresse: Fredrik Selmers vei 3, Oslo
Meld meg av nyhetsbrevet |
|
|
|